Få full oversikt med tømmekalender på mobilen

Med appen “Min Renovasjon” får du full oversikt over tømming på di adresse.

Med appen “Min Renovasjon” får du full oversikt over tømming på di adresse.

Med vår mobil-app får du varsel når behaldarane skal tømmast, og finn nyttig info om kjeldesortering på akkurat di adresse.

Nokon gonger kan det vere vanskeleg å halde styr på kva tid dunkane skal tømmast, eller kva som skal kastast i dei ulike behaldarane. Det er her appen «Min Renovasjon» kjem inn.

Appen gjev deg full oversikt over alt du treng å vite, og kan lastast ned til både iPhone og Android.

Så enkelt: Berre legg inn adressa di

For å bruke appen treng du berre å leggje inn adressa di, så kjem all infoen på plass. Informasjonen i appen vil då bli tilpassa di adresse, slik at du enkelt kan sjå kva som gjeld for akkurat deg.

Smarte funksjonar i appen:

  • Få varsel før boset skal tømmast (velg tidspunkt sjølv)

  • Tømmekalender tilgjengeleg når som helst

  • Send direktemelding til SIMAS viss noko er gale

  • Sjekk opningstider på nærmaste miljøstasjon

  • Finn miljøstasjonar og returpunkt

  • Finn info om kva som skal kastast i kva slags behaldar

Last ned appen her:

> Google Play (Android)               > AppStore (iPhone)

Slik ser appen ut:

Min Renovasjon_skjermbilde_iPhone.jpg
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Slik klargjer du hagen for vinteren

Neste
Neste

Har fått kjeft for fargen på boscontaineren - no gir han seg