Kattar redda i Festingdalen

Kattunger.jpg
Kattemor.jpg

For nokre veker sidan vart det observert ei kattemor med ein kattunge på anlegget vårt. Med hjelp frå Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane fekk vi fanga inn kattemor og det som viste seg å vere tre kattungar.

Kattemor verkar vand med menneskjer så det kan tyde på ho har vorte dumpa hjå oss med vilje. Kattemor har vore til veterinær, som kunne fortelje at kattemor hadde infeksjon i kroppen som ho får behandling for. No er mor og ungar plassert i mellombels fosterheim. Her får dei bu til dei har blitt husvarme og kan få nye heimar.   

Vi oppfordrar alle til å tenke seg godt om før de skaffar dykk kjæledyr og ber alle ta vare på dyra sine.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

«Ny» mottaksbinge for hageavfall i Gaupne

Neste
Neste

Slik klargjer du hagen for vinteren