Ser me deg på marknad i helga?

Ein tidlegare stand saman med elevar fra kokk- og servitørfag på Sogndal VGS.

Laurdag 24. september er det klart for haustmarknad i Lærdal. Her kan du treffe oss i SIMAS og smake på eit ekte matreddarmåltid.

I helga arrangerer foreninga Lærdalsmarknaden haustmarknad på Lærdalsøyri. Lærdalsmarknaden er ein av Noregs eldste handelsmarknader, og har utstillingar frå lokale forhandlarar innan alt frå husflid og antikk til mat og verktøy.

Ekte matreddarmåltid

Kjem du innom SIMAS sin stand på marknaden, kan du få prøve eit ekte matreddarmåltid.

– Det vil vere enkle, men innbydende smårettar ein kan få smake. Me baserer rettane på matvarer som er forbi “best før”-datoen, men som heilt fint kan etast, forklarer Dagny Ugulsvik Alvik.

Målet med standen er å vise at matvarer som har gått ut på dato framleis har potensiale til å bli delikate rettar.

– Me ønskjer å syne kor mykje godt som kan kome ut av matvarer som ofte står i fare for å bli kasta.

Bli inspirert til å kaste mindre mat

SIMAS ønskjer å auke fokuset på matsvinn og inspirere fleire til å bli matreddarar. Det er nemleg slik at halvparten av maten me kastar i Sogn, kunne vore eten.

- Ved å bli meir bevisste rundt eigne vanar, kan me alle gjere vårt for å redusere andelen mat som blir kasta, avslutter Dagny.

Me gler oss til å sjå deg på Lærdalsmarknaden!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Korleis veit ein om egga er dårlege?

Neste
Neste

Mugg på osten - ete eller kaste?