Mugg på osten - ete eller kaste?

Lars Haugen Aardal er matekspert ved SmaksLab på ViteMeir.

Det er forskjell på kor lenge ulike typar ost held seg før dei blir dårlege.

Nokre ostar nyttar muggsopp aktivt for god smak, medan ein skal vere litt meir forsiktig med mugg på mjukost.

Matekspert Lars Haugen Aardal frå SmaksLab på ViteMeir forklarar kva ein bør sjå etter før ein bestemmer seg for å kaste osten.

Litt mugg på fastost som t.d. gulost kan kuttast vekk.

Oppbevar gulosten i matpapir

Me har vel alle sett små, blå flekkar på gulosten?Fastost som gulost får ofte overflatemygl dersom den vert lagra over tid.

– Fastost har heldigvis lågt vassinnhald, så muggsoppen går ikkje så djupt inn i osten. Er det berre litt overflatemugg kan du kutte det av og ete resten av osten, fortel matekspert Lars.

Og når det gjeld oppbevaring av fastost, har han eit godt råd:

– Pakk gjerne osten i matpapir eller bakepapir viss du vil behalde gulosten over fleire helger. Ost er ein levande ting som “pustar”, difor har den det ikkje spesielt bra pakka inn i plast. Det skapar eit fuktig og lufttett miljø.

Sjekk ferskosten før du kastar

Når det gjeld ferskost som smøreost, har den eit høgare vassinnhald enn fastosten. Det gjer at muggsoppen kan få betre tak og gå djupare inn i osten.

– Ein kan ha litt lågare terksel for å kaste ferskostar, men sjekk alltid osten nøye før du kastar, seier Lars.

– Datostemplinga kan gje ein indikasjon, men sjå etter teikn på brune, svarte eller grøne flekkar i osten. Ikkje minst: kjenn etter på lukta!

Nyttar muggsopp for god smak

Mange typar ost smakar godt fordi dei inneheld nettopp myglsoppar. Det gjeld mellom anna gorgonzola, gamalost og blåmyglost.

– Desse ostane blir som regel berre betre etter kvart som dei modnar, seier Lars.

– Men sjølv om ostane “skal vere mygla”, er det viktig å følgje med. Kvite hår eller sterkt farga sopp, slik som oransje eller raud, i tillegg til annleis lukt er signal på osten kan vere ferdig.

Sjå, lukt, smak!

Visste du at nesten 50 % av all maten me kastar i Sogn kunne vore eten? Som med all mat, bør ein sjå, lukte og smake på osten før ein bestemmer seg for å kaste.

Få fleire matreddartips frå SIMAS.

Video: “Mugg på sopp - ete eller kaste?”

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ser me deg på marknad i helga?

Neste
Neste

SIMAS Ombruk på Facebook