Korleis veit ein om egga er dårlege?

Med desse tipsa frå mateksperten på ViteMeir unngår du å kaste egg som kunne vore etne.

I Sogn kastar me altfor mykje mat som kunne vore eten. Difor har me snakka med Lars Haugen Årdal, matekspert ved SmaksLab på vitensenteret ViteMeir.

Haldbare mykje lenger enn ein trur

Norske egg har datostempling 28 dager frå verping. Egga held seg likevel langt ut over denne datoen, så lenge ein oppbevarar dei kjøleg.

I Noreg har me friske høner utan skadelege bakteriar som salmonella. Egg frå friske høner er frie for bakteriar, og så lenge skalet er heilt, vil det ikkje kunne utvikle seg bakteriar inne i egget.

Gamle egg med heilt skal utan brist vil ikkje råtne, men etekvaliteten blir redusert. Så lenge egget ikkje luktar dårleg, er det trygt å ete - og kan heilt fint nyttast i ein omelett eller i bakverk.

Slik sjekkar du egga

  1. Sjå på datostemplinga på pakken. Den gjev ein indikasjon på kor gamle egga er.

  2. Ta flytetesten. Finn fram to skåler eller glas med vatn. Eit fint egg vil søkke til båtn, medan eit dårleg egg vil flyte. Det er fordi egg danner ei lita luftlomme under skalet over tid.

  3. Knekk egget på ein tallerk. No kjem du til å lukte det viss egget ikkje er bra! Sjå nærmare på egget. Eggeplomma skal vere rund og fin. Du skal kunne sjå ein tydeleg forskjell på den faste og den lause delen av eggekviten.

Sjå mateksperten demonstrere her:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Den internasjonale dagen mot matsvinn

Neste
Neste

Ser me deg på marknad i helga?