Den internasjonale dagen mot matsvinn
Det finst nok mat til alle menneske i verda - men vi kastar for mykje. Her i Sogn er faktisk 50 % av all maten me kastar etbar!
I dag, torsdag 29. september, er den internasjonale dagen mot matsvinn, som skal markerast med eit virituelt arrangement frå kl 16.00 til 18.00 - for å jobbe saman mot matsvinn.
Dei fleste kjenner FN sine berekraftsmål, men visste du at mål nummer tolv har eit delmål som konkret handlar om matsvinn?
Innen 2030 halvere matsvinn per innbygger på verdensbasis, både i detaljhandelen og blant forbrukere, og redusere svinn i produksjons- og forsyningskjeden, inkludert svinn etter innhøsting
FN berekraftsmål 12.3
Ver med å få ned matsvinnet
Hausten 2020 analyserte SIMAS avfallet til sogningane, og resultata sjokkerte oss: 30 % av restavfallet var matavfall, 70 % av dette matavfallet var etbar mat og 50 % av all maten vi kastar (både i restavfall og våtorganisk) kunne vore nytta.
Kva kan du gjere i dag (og alle andre dagar)?
Handle berre det du treng
Et opp maten
Bli kvitt datoskrekken - sjå, lukt, smak
Om du må kaste mat, hugs å sortere!