Utvida samarbeid med Høgskulen

Engasjerte studenter frå HVL besøkte SIMAS i Festingdalen 14. september.

Samarbeidet skal gje studentane innsikt i dagsaktuelle problemstillingar kring miljø og energi.

Høgskulen på Vestlandet arbeider med fleire typar problemstillingar som me i SIMAS kjenner godt. Med det nye samarbeidet er målet å utveksle kompetanse og gje studentane innsikt i dagsaktuelle tema.

– Me ønskjer å dele av eigen kunnskap, bidra positivt inn til utdanningane ved Høgskulen og gjerne få nokre gode innspel frå studentane sjølv, seier Dagny Ugulsvik Alvik hjå SIMAS.

Problemstillingar i praksis

Besøka frå Høgskulen er allereie i gang. 14. september fekk miljøstasjonen i Festingdalen besøk av studentar frå studiet Geologi og geofare.

Dei studerte fjellblotningar for å få eit innblikk i fjellet sin evne til å føre grunnvatn gjennom opne sprekkar.

– Avfallsdeponi har ei viktig samfunnsoppgåve i å oppbevare forureining på ein så trygg måte som mogleg, forklarar Thomas Scheiber, førsteamanuensis på Institutt for miljø- og naturvitskap.

– På denne ekskursjonen har studentane fått lære om kontrollert og trygg handtering av forurensa grunnvatn. Me er veldig takksame for at me får besøke miljøstasjonen til SIMAS!

Dagsaktuelle bacheloroppgåver

Som del av samarbeidet har SIMAS óg vore med på å utforme tema for nokon av dei komande bacheloroppgåvene.

Studentane på studiet Fornybar energi skal velje mellom fleire ulike oppgåver, to av dei tar for seg utfordringar og moglegheitar knytt til matsvinn og gjenbruk. Begge er dagsaktuelle problemstillingar som får mykje plass i politikken og i media. Det er óg ei gruppe Geologistudentar som har vald å fokusere på anlegget i festingdalen i sin bacheloroppgåve.

Me gler oss til å lese dei ferdige oppgåvene om nokre månadar!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Er det greit å ete grønsaker med mugg eller råte?

Neste
Neste

Den internasjonale dagen mot matsvinn