Er det greit å ete grønsaker med mugg eller råte?

Lars Haugen Årdal er matekspert hjå ViteMeir.

Mange grønsaker som blir kasta, kunne eigentleg vore etne.

Lars Haugen Årdal er matekspert på SmaksLab hjå vitensenteret ViteMeir. Han fortel at det er stor skilnad i kor fort grønsaker blir dårlege.

Jo fastare, dess meir haldbar

Det er først og fremst vassinnhaldet i grønsaken som avgjer kor haldbar den er.

– Muggsopp fungerer slik at den lager røter som går inn i grønsakene. Alt etter kor fast grønsaken er, så toler den muggsoppen betre, forklarar han.

– Difor er det slik at faste grønsaker, sånn som gulrøter, ofte toler å bli lagra lenger enn mjuke grønnsaker med mykje vatn, som til dømes agurk.

Fjerne det som er dårleg

Har ein først vore uheldig og fått mugg på grønsakene, bør ein vurdere omfanget aller først.

– På dei fleste grønsaker går det heilt fint å kutte vekk den delen av grønsaka som er mygla og bruke resten, fortel Lars.

– Viss du har ein pose med salat for eksempel, så kan du ta ut dei blada som er friske og gode, og kaste resten. Eller på gulroten kan du kutte vekk den mygla delen med ein kniv. Det går heilt fint.

Kva med slappe grønsaker?

Kutt vekk dårlege delar frå elles fine grønsaker.

Om ein skal ete dei rå, smakar sjølvsagt friske grønsaker best. Men Lars fortel at ein fint kan bruke slappe grønsaker óg:

– Slappe gulrøter passar godt i ein saus eller i ei gryte. Eller kvifor ikkje bake den inn i eit brød? Då merkar ingen at gulroten er litt mjukare enn den skal vere.

– På same måte kan ein nytte squash eller spinat i pai, eller raudbeter i kake.

Sjå, lukt, smak!

Nesten 50 % av all maten me kastar i Sogn kunne vore eten. Som med all mat, bør ein sjå, lukte og smake på grønsakene før ein bestemmer seg for å kaste.

Få fleire matreddartips frå SIMAS.

Sjå video med døme:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Bli med på å utvikle avfallsbransjen

Neste
Neste

Utvida samarbeid med Høgskulen