På tide å rydde i hagen?

Du kan levere hageavfallet gratis på hageavfallsplassane våre.

Sola skin og snøen er vekke. Mange nyttar dagane til å rydde vekk vinteren frå uteområde og hage, og då blir det naturlig nok litt avfall. Hugs at det er ulovleg å dumpe hageavfall i naturen - lever heller inn til SIMAS.

Her kan du levere hageavfall

  • Aurland: Sogn Jord og Hagebruksskule

  • Høyanger: Rasvoll

  • Leikanger: Kvålen

  • Luster: Luster Miljøpark

Ver obs på hagerømlingar

Spreiing av framande artar/hagerømlingar er ein av dei største truslane mot biomangfaldet. Difor må du følgje med når du ryddar i hagen din.

Hagerømlingar skal pakkast i ein tett pose og kastast i restavfallet. Hjå Hageselskapet kan du sjå bilete og kjenneteikn på plantene.  Dei har også beskrive korleis du kan bekjempa plantene.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

400 elevar besøker SIMAS og ViteMeir

Neste
Neste

«Mindre matsvinn - meir kompost»