«Mindre matsvinn - meir kompost»

Bli med på inspirasjonskveld i regi av Årdal kommune og SIMAS torsdag 27. april. Målet er å inspirere deg til å redusere matsvinn og å kompostere meir.

Vi har invitert Marit Bendz og Mette Nygård Havre til å gi deg tips og råd om korleis du, ved hjelp av enkle grep, kan gjera kvardagen din litt grønare. Korleis kasta minst mogleg mat – og korleis gjera det beste ut av det som er av svinn. 

  • Tid: torsdag 27. april kl 18.00 (varer ca 2 timer)

  • Sted: Kulturhuset i Øvre Årdal

  • Ope for alle. Ingen påmelding

 

Marit Bendz er journalist og forfattar, mellom anna av boka «Glade dyr og levande jord». Ho er lidenskapeleg oppteken av hagebruk, økologi, kompostering og sjølvberging, og er ei av drivkreftene i Vie andelslandbruk i Sunnfjord. 

Marit kan alle triks i boka om korleis du kan gjera matavfallet ditt om til god og næringsrik jord – og kva du kan bruka den til. 

Ho kjem for å dela kunnskapen sin og inspirera deg til å prøva sjølv. 

 


Mette Nygård Havre er kvinna bak folkerørsla «Spis opp maten» og forfattar av boka med same namn. Ho er matreddaren heile Noreg fekk til å eta opp maten og redusera matsvinnet. Mette jobba mange år i avfallsbransjen og såg med eigne auge kor mykje etande mat som vart kasta. Det endra livet hennar då ho sa opp jobben og vart matreddar på heiltid. 

No jobbar Mette med å motivera og påverka det norske folk til å gjera meir miljøvenlege val i kvardagen.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

På tide å rydde i hagen?

Neste
Neste

Vårryddeaksjon 2023