Rekordmange kvinner i SIMAS-leiinga

Leia av kvinner: Direktør Dagny Ugulsvik Alvik, HMS-/Kvalitetsleiar Anne Sigrid Loftesnes Harjo og styreleiar Torunn G. Hønsi.

– Unge kvinner fortel meg at det er inspirerande å sjå at det finst karrieremoglegheiter i bransjen, seier SIMAS-direktøren.

I dag er 11 av 45 tilsette i SIMAS kvinner. I leiinga ser det derimot annleis ut, med ein kvinneandel på 50 %. SIMAS har no både kvinneleg direktør, styreleiar og nestleiar. Det er unikt i SIMAS-samanheng.

– Då eg starta i SIMAS i 2018, var det berre to damer i leiinga. No er fire av totalt sju styremedlem kvinner. Det er ei kjempebra utvikling, fortel SIMAS-direktør Dagny Ugulsvik Alvik i anledning kvinnedagen.

Direktør i SIMAS, Dagny Ugulsvik Alvik.

Tradisjonelt ein mannsdominert bransje

Avfallsbransjen har lenge vore mannsdominert, og er prega av drift, kor det tradisjonelt har vore fleire menn.

– Det kjem heldigvis gradvis fleire kvinner inn i bransjen, også i leiarstillingar, fortel direktøren.

– Det er veldig bra for arbeidsmiljøet at det er ei blanding av kjønn på arbeidsplassen, og det er viktig for dynamikken at begge kjønn er representert både på arbeidsplassen og i leiinga.

Les også: Ynskjer fleire jenter velkomne til anleggsbransjen

Vil syne fram moglegheitene

På dei seks åra ho har jobba i SIMAS, har óg rekt å tenkje litt på korleis ein kan rekruttere enno fleire kvinner til bransjen.

– Vi må vise fram at det er mange spennande moglegheiter i bransjen vår. Me er i rivande utvikling innan digitalisering og teknologi og treng mykje forskjellig kompetanse. Er ein oppteken av miljø og berekraft, er dette ein bransje der ein verkeleg kan vere med å gjere ein forskjell, seier ho.

I tillegg har ho tru på at ein må jobbe systematisk over tid for å rekruttere fleire kvinner til bransjen. Det kan ein mellom anna gjere ved å satse på kvinnelege talent internt og motivere dei til å ta ansvar i kjerneområda og på driftssida, og ikkje berre i støttefunksjonar.

Les også: Miljøinteressa leda trainee Maria til SIMAS

– Klart kvinnedagen må markerast!

Korleis skal då direktøren markere kvinnedagen sjølv?

– Klart dagen må markerast. No skal eg kose meg på Jentejazz med Sogndal Storband på Sogndal kulturhus, avsluttar ho.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Vårinnsamling 2024

Neste
Neste

SIMAS-jubileum: 30 år med renovasjon i Sogn