SIMAS-jubileum: 30 år med renovasjon i Sogn
I år er det 30 år sidan sogningane fekk sitt eige renovasjonsselskap.
Kvar sogning kastar om lag 400 kg avfall i året. Der det tidlegare var vanleg å grave ned eller brenne avfallet, eller rett og slett kaste det i naturen, skal avfallet no leverast til attvinning.
Avfallet skal tilbake til kretsløpet, difor styres SIMAS sitt arbeid etter visjonen “Ressursar på rett veg”.
Sogningane er flinke til å sortere
Den viktigaste oppgåva til SIMAS har vore å legge til rette for kjeldesortering blant innbyggjarane i Sogn, og å løyse avfallshandteringa på ein best mogleg måte i eigarkommunane. SIMAS jobbar for å nå FN sine berekraftsmål, og er sertifisert Miljøfyrtårn.
Me i SIMAS får ofte skryt frå bransjefolk når dei er på besøk: Sogningar er flinke til å kjeldesortere!
Og det er kanskje ikke så rart - for i Sogn har me kjeldesortert heilt sidan 2002. Og restemat, hageavfall og potetskrell har me gjort om til kompost i over 20 år!
SIMAS jobbar for “ressursar på rett veg”.
Feirar med open dag i Festingalen
I anledning jubileet ynskjer SIMAS å invitera til open dag på anlegget vårt i Festingdalen. Laurdag 25. mai vil du få eit innblikk i korleis me handterer ressursane.
Me startar dagen med opning av leiar av representantskapet, ordførar i Lærdal Audun Mo. Deretter blir det kake og kaffi, i tillegg til aktivitetar for store og små.
– Me gler oss til å invitere inn til markering av 30-årsjubileet, og syne fram arbeidet me gjer i Festingdalen, seier SIMAS-direktør Dagny Ugulsvik Alvik.
Meir detaljert program kjem snart, så følg med på simas.no og på Facebook / Instagram.