Felles innsats for å rydde Sognefjorden for plast

Foto: Stiftelsen Framtidshavet.

Dei har rydda Hardangerfjorden med stor suksess, no står Sognefjorden for tur. Bli med på felles innsats torsdag 12. september.

Arrangementet Rein Sognefjord 2024 blir arrangert av Stiftelsen Framtidshavet med støtte frå lokale aktørar. Dei har tidlegare arrangert tilsvarande rydding med stor suksess i Hardangerfjorden, og no står altså Sognefjorden for tur. Målet er å rydde så mykje marin forsøpling som mogleg på éin dag.

Det blir arrangert rydding i alle kommunane langs fjorden. Sjå på kartet inne på Rydd Norge for å finne den aksjonen nærmast deg.

Lat oss saman gjere ein innsats for fjorden me er så glade i!

> Les meir om ryddedugnaden på Framtidshavet sine nettsider.

> Trykk gjerne “Skal” på Facebook-arrangementet

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Spørsmål til faktura frå SIMAS? Her finn du svar

Neste
Neste

Klargjer hagen for vinteren med SIMASkompost