Klargjer hagen for vinteren med SIMASkompost

Planlegg neste års frodige hage allereie no.

Innsatsen du legg inn no kan gje ein frodig hage til neste år.

Grunnlaget du legg no har mykje å seie for kva resultat du kan vente deg neste sesong. 

Hausten er ei fin tid for å førebu hagen til vinteren. I august får du halv pris på rein kompostjord i lausvekt.

5 gode grunnar til å bruke kompost om hausten:

  1. Førebu jorda til neste sesong: Ved å tilføre kompost i august, gir du jorda tid til å ta opp næringsstoffa og betre strukturen før vinteren. Dette førebur jorda for våren, slik at plantene får ein god start.

  2. Nedbryting gjennom vinteren: Komposten vil brytast ned gjennom vinteren. Når våren kjem, vil den vere godt integrert i jorda. Det gjer næringsstoffa meir tilgjengelege for plantane når vekstsesongen startar.

  3. Hald jordmassane meir stabil: Kompost fungerer som eit naturleg dekke som vernar jorda mot å renne vekk. Det er spesielt viktig når haustregnet kjem, og hjelper óg med å halde på fukten i jorda.

  4. Redusere hageavfall før vinteren: Ved å kompostere hageavfall som lauv, gras og planteavskjær i august, reduserer du mengda avfall som må handterast seinare. Dette gir deg ein reinare hage og mindre arbeid når vinteren nærmar seg.

  5. Skadedyrkontroll: Å bruke kompost tidleg på hausten kan bidra til å forstyrre livssyklusen til enkelte skadedyr som overvintrar i jorda. Dette kan redusere skadedyrproblema i neste vekstsesong.

Halv pris på rein kompost i lausvekt i august 2024

Frå veke 30 til veke 35 får du halv pris på rein kompost i lausvekt hjå SIMAS.

Sjå meir om tilbodet.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Felles innsats for å rydde Sognefjorden for plast

Neste
Neste

Midlertidig stans i mottak av større menger hageavfall i Festingdalen