Midlertidig stans i mottak av større menger hageavfall i Festingdalen

På grunn av arbeid på anlegget i Festingdalen har me i næraste framtid ikkje høve til å ta imot større mengder hageavfall. Dette gjeld frå onsdag 21. august 2024.

Dette gjeld i hovudsak næringsaktørar, gjerne dei som leverer fleire tilhengerlass med park- og hageavfall. Om du har rydda i hagen og skal kvitte deg med rusk og rask på hengaren går dette heilt fint.

Under arbeidet vert det ikkje tømming ned forbi betongmuren, slik me har gjort til no. Mindre mengder park- og hageavfall skal leggast oppe på flata.

Me kjem attende med informasjon om når anleggsarbeidet er ferdig og me opnar opp att for mottak.

Området nedenfor betongmuren på bildet blir no stengd grunna anleggsarbeid

Forrige
Forrige

Klargjer hagen for vinteren med SIMASkompost

Neste
Neste

Ny student i Sogn? Slik sorterer du avfallet ditt