Ny student i Sogn? Slik sorterer du avfallet ditt

Velkomen til vakre Sogn! Du har flytta til ein av dei plassane som er best på kjeldesortering i landet - men me er avhengig av at studentane óg bidreg.

Me i avfallsselskapet SIMAS vil gjere dette enklast mogleg, og i denne saka finn du det du treng av informasjon.

 

Sortering i privat bustad

  • Alle private hushaldningar skal sortere avfall - det gjeld óg dei som leiger bustad.

  • Alle hushaldningar får utdelt riktige poser og behaldarar frå SIMAS. Viss du leiger og ikkje har fått riktig utstyr, ta kontakt med huseigar.

Sortering i studentbustad via Saman

  • Alle som bur i studentbustad via Saman skal óg sortere avfall.

  • Det kan vere eigne løysingar for kor du skal kaste avfallet. Sjå info hjå Saman her (klikk inn på bustaden din, skroll ned og vel “Søppel og resirkulering”).


Slik sorterer du i Sogn - enkelt fortalt:

Plastemballasje

Emballasje laga i plast, så rein som mogleg. Kastast i eigen gjennomsiktig sekk for plastemballasje.

Papp, papir og kartong

Alt som er laga av papir og papp. Kastast rett i behaldar utan pose.

Meir info

Matavfall

Organisk avfall som kjem frå det du kan putte i munnen. Kastast i eigen biopose.

Meir info

Glasemballasje og metallemballasje

Emballasje som det har vore mat, drikke eller andre hushaldningsvarer i. Kastast rett i behaldar utan pose.

Meir om glas / Meir om metall

Restavfall

Hushaldningsavfall som ikkje kan kjeldesorterast. Kastast i eigen behaldar for restavfall.

Meir info

Anna avfall som ikkje er nemnt her

Anna avfall som metall, elektrisk avfall, farleg avfall, tekstiler, hageavfall og så videre finst det eigne ordningar for. Sjå meir i sorteringsguiden vår.

Usikker på korleis ein konkret ting skal sorterast? Søk den opp på sortere.no

Motivasjon for å kjeldesortere finn du her


Når hentar SIMAS avfallet?

Appen «Min renovasjon» gir deg avfallskalenderen på mobilen, her kan du óg få varsel ved tømming. Me har óg kalender i PDF-format, om du ønskjer å laste ned og printe ut. Bur du i studentbustad via Saman, er det eigne avtaler for henting.


Levere til miljøstasjon?

SIMAS har åtte miljøstasjonar kor du kan levere alle typar avfall (unntatt matavfall). Når du kjem på miljøstasjonen, må du sortere og kaste avfallet på rett plass. Dette er godt merkt og dei tilsette hjelper deg gjerne.

> Sjå oversikt over miljøstasjonane våre her

Rabatt på levering: Bruk tilgangsbevis kalla MiljøID for å registrere deg på miljøstasjonen. Dette får du via mobilappen MiljøID eller som fysisk kort. Dette er registrert per bustad. Leiger du bustad, må du kontakte huseigar slik at han eller ho kan dele tilgang med deg i appen.

> Meir om appen MiljøID

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Midlertidig stans i mottak av større menger hageavfall i Festingdalen

Neste
Neste

Halv pris på rein kompost i lausvekt