Halv pris på rein kompost i lausvekt

Påfyll med næring i hagen? Frå veke 30 til veke 35 får du halv pris på rein kompostjord i lausvekt.

Dei fleste tenkjer kanskje på våren som høgtid for spirande vekstar, det er sommar og seinsommaren óg! Me vil nødig nemne at me nærmar oss hausten, allereie i august - men hausten er ei fin tid for å fylle på med kompostjord. Spesielt om du vil gå ein endå grønare vår i møte.

> Les meir om dei ulike typane kompostjord

- Kompostjord er eit rimeleg og effektivt verktøy for å lukkast med frodig vekst. Jorda er rik på karbon og mikroorganismar, med næringstoff som blir frigjort gradvis gjennom heile vekstsesongen, fortel Dagny Alvik, direktør hjå SIMAS.

Utvalet av kompostjord dekkjer ulike behov rundt om i Sogn sine hagar.

Parkkomposten kan nyttast der det ikkje skal dyrkast etelege vekstar. Dersom ein skal plante tre eller busker kan det vere lurt å blande rein kompost med stadeigen jord, eller nytte seg av miksblandinga vår.

Tilbodet gjeld på miljøstasjonar med jordtorg, der me sel rein kompostjord i lausvekt:

  • Vadheim (Høyanger)

  • Festingdalen

  • Leikanger

  • Luster

På alle miljøstasjonane våre får du tak i produktet ‘Rein kompost’. Ønskjer du ein annan type, kan du bestille via skjema nedst på denne sida. Då blir komposten levert til miljøstasjonen din ved neste utkøyring og kan hentast der. Unntaket er hovudanlegget i Festingdalen (Sogndal), der har me alle typar tilgjengeleg.

På anlegget i Festingdalen har me høve til å vere behjelpeleg med lasting av kompost på hengar eller liknande onsdagar eller ved avtale.

Me kan óg vere behjelpeleg med utkøyring av større mengder, ta kontakt.

Meir informasjon om kompostjorda vår finn du her.

 

Kvifor nytte kompostjord frå SIMAS?

  1. Eit rimeleg og effektivt verktøy for å få frodig vekst

  2. Rik på karbon, mikroorganismar og næring som er positivt for jordsmonnet.

  3. Fri for store steinar og ugras. Komposteringsprosessen vil normalt ta knekken på ugrasfrø og snigleegg.

  4. Torvfritt og miljøvenleg. Dette er ombruk av hage- og matavfall frå abonnentane våre.

  5. Gir tørkesterk jord.


Forrige
Forrige

Ny student i Sogn? Slik sorterer du avfallet ditt

Neste
Neste

Tom for bioposar