Spørsmål til faktura frå SIMAS? Her finn du svar

I desse dagar sender me ut faktura på renovasjonsgebyr. Under ser du svar på ofte stilte spørsmål.

Lurar du på prisen på fakturaen? Sjå prisar for privat hushaldning.

Ofte stilte spørsmål om faktura:

Trykk på eit spørsmål for å sjå svaret.

  • Faktura frå SIMAS vert sendt ut to gangar i året, vanlegvis mars og september.

  • Fastsetjing av renovasjonsgebyret vert gjort etter reglar i Ureiningslova. Fastsetjing skjer etter sjølvkostprinsippet og etter prinsippet om at forureinar skal betala.

    Det betyr at alle kostnadar knytt til hushaldningsrenovasjon skal betalast av innbyggjarane. All forteneste og eventuelt overskot tilhøyrer innbyggjarane.

    Overskot vert som regel avsett i fond for neste års rekneskap. Det er kommunestyre i den enkelte kommune som vedtek renovasjonsgebyret.

    Gebyret dekkjer mellom anna:

    • Innsamling av avfall frå husstandane

    • Omlasting og transport av avfallet

    • Ein miljømessig god slutthandsaming av avfallet

    • Drift av miljøstasjonar

    • Drift av returpunkt

    • Administrasjon

    Renovasjonsgebyret vert påverka av mellom anna avfallsmengdene, det vil sei kor mykje avfall som vert samla inn og handsama. Kor godt innbyggjarane kjeldesorterer har også innverknad.

    Det er til dømes noko forteneste på sortert emballasje og papiravfall, medan usortert restavfall er relativt kostbart å handsama.

    • Henting av restavfall, våtorganisk avfall, plastemballasje, papp og papir og glas- og metallemballasje

    • Utkøyring og vedlikehald av dunkar

    • Drift av miljøstasjonane ilag med eigarkommunane

    • Drift av kompostanlegg

    • Tømming av avfall frå returpunkt og miljøstasjonar

    • Informasjonsarbeid for renovasjonstenesta

    • Sakshandsaming i samband med avfallsforskrifta

    • Avhending av avfall for vidare gjenvinning

  • Den som er registert som tinglyst eigar, det vil sei heimelstakar, av ein eigedom er ansvarleg for at renovasjonsgebyret vert betalt. Dette gjeld også for eventuelt ubetalte renovasjonsgebyr for tidsrommet før ny eigar kjøpte eigedomen.

    Eit ubetalt renovasjonsgebyr er eit hefte på eigedomen. Ved overtaking av eigedom er det difor viktig å passa på at renovasjonsgebyr vert avrekna mellom kjøpar og seljar. Dersom eigedomsmeklar vert bruk, vil dei som regel gjera dette, i motsett fall må kjøpar og seljar sjølv avrekna. SIMAS har ikkje ansvar for dette oppgjeret og føretek ikkje avrekning mellom seljar og kjøpar.

    Hugs:

    • å avrekna oppgjeret for renovasjonsgebyr mellom kjøpar og seljar av ein eigedom, gjerne med bistand frå eigedomsmeklar.

    • å melde adresseendring til skatteetaten.

  • Du kan oppretta avtalegiro ved å ta kontakt med banken din, eller oppretta avtalegiro sjølv i nettbanken.

  • Det er tinglyst eigar av eigedomen som er ansvarleg for å betale renovasjonsavgifta, jf. Ureiningslova § 34. Dersom det er tinglyst festeavtale er det tomtefestaren som skal svare avgifta. Dette betyr til dømes at SIMAS ikkje kan sende faktura til ein leigetakar, sjølv om eigaren og leigetakaren er samde om at leigetakaren skal dekke kostnaden.

    SIMAS sender difor faktura til eigaren eller tinglyst tomtefestar. Det vil ikkje bli sendt faktura til leigetakarar. Dersom renovasjonsavgifta ikkje vert betalt, har SIMAS lovbestemt pant i eigedomen og kan om naudsynt tvangsinnkrevje avgifta.

  • SIMAS fakturerer den som til ei kvar tid er registrert som eigar av eigedomen. Det er reistert eigar, heimelstakar, som er ansvarleg for at renovasjonsgebyret vert betalt. Dette gjeld også for eventuelt ubetalte renovasjonsgebyr for tidsrommet før ny eigar kjøpte eigedomen.

    Eit ubetalt renovasjonsgebyr er eit hefte på eigedomen. Ved overtakting av ein eigedom er det difor viktig å passa på at renovasjonsgebyr vert avrekna mellom kjøpar og seljar. Dersom eigedomsmeklar vert brukt, vil dei som regel gjera dette. I motsett fall må kjøpar og seljar sjølv avrekna. SIMAS har ikkje ansvar for dette oppgjeret og føretek ikkje avrekning mellom seljar og kjøpar.

  • Ta kontakt med SIMAS for å tinga nytt abonnement. Hugs å oppgje gards- og bruksnummer på eigedommen.

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Slutt på sommartid på miljøstasjonane

Neste
Neste

Felles innsats for å rydde Sognefjorden for plast