Held fram med digital avfallskalendar

– Me vil halde fram å spare miljøet for mykje avfall og å redusere kostnader. Dette trur me er bra for alle, seier direktør Halvard Thomassen

I fjor var fyrste året me ikkje sendte ut avfallskalendarar i posten til alle abonnentane våre. For å spare miljøet og redusere kostnaden kjem me heller ikkje til å trykke opp kalendaren i år.

– Me fekk nokre tilbakeldingar i fjor om at nokre sakna kalendaren, men det var relativt få som henta seg eit eksemplar på kommunehusa eller ringte oss for å få hjelp til å skrive den ut. På sikt trur eg alle er tent med at me satsar på digitale flater, seier Thomassen.

Bruk SIMAS-appen

Appen er eitt av eksempla på digitale flater me har valgt å satse på. Alle abonnentar kan finne avfallskalenderen i appen «Min renovasjon». Appen har vore tilgjengeleg lenge, men ikkje alle har teke han i bruk enno.

Ved å skrive inn gateadressa di, vil du automatisk få varsel på mobilen din når neste tømming er, og kva dunkar du skal setje ut. Du kan sjølv velje når du vil verte varsla, alt etter kva som høver best for deg. Mange vel kl. 19 kvelden før.

– Det som er bra, er at endringar og heilagdagar vert oppdaterte i appen, og du treng såleis ikkje bruke tid på å leite i avfallskalenderen for å finne ut kva som gjeld hjå deg. Du må berre følgje med på pushvarslingane som kjem på mobilen din, fortel Victoria Charlotte Straumann, kundehandsamar hjå SIMAS.

Hjelper dei eldre

Dei som derimot ikkje er heilt komfortable med å nytte ein app kan finne avfallskalenderen på nettsida til SIMAS. Her kan du laste han ned og skrive den ut.

– Abonnentar som ikkje har høve til å skrive ut sjølve, kan hente ein kalendar på kommunehusa i år òg, seier Strauman.

Frigjer midlar

Direkte kostnad for å trykke opp avfallskalendarar og sende i posten er rundt 70.000 kroner, noko som betyr 5 kroner per abonnent. I tillegg kjem det ein del administrasjonskostnader, fordi det ofte er mykje feilsending av kalendarar i dei ulike kommunane.

– Dette vil frigjere midlar og tid me kan nytte for å bli betre på andre ting, som å verte enno meir framtidsretta og miljøvenlege, avsluttar Thomassen.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Endra vilkår for levering av næringsavfall

Neste
Neste

Du grøne, glitrande tre