Du grøne, glitrande tre

Plasttre er populært hjå mange, men plast er laga av olje og er ikkje eit godt miljøalternativ

Kjenner du ein grunneigar i Sogn som gjev deg lov til å hogge tre i skogen hans, kan du reise og hente ditt eige juletre. Det er kjekt for både små og store å kunne reise i juletreeskogen sjølv. Ta gjerne med gløgg og noko å bite i. Juletrehogst kan vere eit fint kortreist eventyr.

Hogg edelgrana

Edelgrana er faktisk ein framand og uønska art i norsk natur. Du må gjerne ta ei slik ei. Om du ikkje har høve til å hogge ditt eige tre er oppfordringa at du kjøper kortreiste, levande juletre.

Om du heller vil ha plasttre, så kan det halde i mange år om du tek godt vare på det. Kjøp det gjerne brukt.

Forrige
Forrige

Held fram med digital avfallskalendar

Neste
Neste

Ny plassering for returpunkt i Hodlekve