Endra vilkår for levering av næringsavfall

Nye vilkår for å ta imot avfall frå næringskundar

– Både me og kundane våre har eit ansvar og plikt til å syte for at avfall vert handsama rett, og me håpar dette skrivet skal klargjera kva dei er, seier direktør Halvard Thomassen.

SIMAS presenterer no eit eige skriv for å klargjere kva vilkår og plikter avfallskundar må forhalde seg til.

– Det er spesielle reglar som gjeld for farleg avfall og einskilde andre avfallstypar. For både vår og kundande sin tryggleik er det viktig med rett handsaming i alle ledd, forklarar Thomassen.

Eksempelvis seier dei nye vilkåra at kunden er ansvarleg for at EE-avfall ikkje blir blanda med anna avfall. EE-avfall skal vera sortert etter hovudgrupper og handsamast med varsemd, slik at avfallet ikkje blir skada eller det oppstår risiko for lekkasje av miljøgifter.

Avfallsprodusentar må setja seg godt inn vilkåra før dei leverer avfall til SIMAS

– Om nokon av næringskundane er utsikre på kva dette betyr, eller kva reglar som gjeld for ulike avfallstypar, må dei ta kontakt med oss slik at me kan gje dei den informasjonen dei treng, avsluttar Thommasen.

Forrige
Forrige

Julequiz

Neste
Neste

Held fram med digital avfallskalendar