Nytt filmprosjekt med Sogndal VGS og Rasmus Mo!

SIMAS har sett i gang eit spennande filmprosjekt der vi  gjennom ein serie med filmsnuttar vil gi viktig informasjon om avfallshandtering på ein humoristisk måte.  

SIMAS har samarbeida med den energiske Rasmus Mo og driftige elevar frå medielina på Sogndal vidaregåande skule.

Elevane er talentfulle ungdommar med god kunnskap innan media og kommunikasjon. Dei har kome med kreative idear for å “gi liv” til eit viktig tema.  

I første omgang tek vi føre oss rett bruk av hytte-containerar, med oppmoding om å nytte dei lokale miljøstasjonane! Gjennom filmsnuttane håpar vi at innbyggjarane skal bli einige i at avfallshandtering er som Rasmus seier:

“Hina kå enkelt”! 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Slik skal dunkane stå på oppsamlingsstaden

Neste
Neste

Miljøvenleg julekalendar