Slik skal dunkane stå på oppsamlingsstaden

Biletet til venstre syner korleis dunkane skal stå. Det fyrste biletet syner dunkane rett veg og at dei er samla på to rekkjer. Bilete to og tre syner korleis dunkane ikkje skal stå. Bilete to syner at det er avstand mellom dunkane, og at nokre står feil veg. Bilete tre syner ei lang rekke med dunkar. Dunkane bør helst stå i to rekkjer.

Her kan du sjå korleis dunkane skal stå på eit oppsamlingspunkt - og korleis dei ikkje skal stå

For at renovatørane skal få henta alt avfallet er det viktig at dunkane står slik dei skal på oppsamlingsstaden. No når snøen er komen, vert det ekstra mykje kaving for renovatørane dersom dunkane står feil veg.

– Det blir etterkvart svært slitsomt å driva å snu dei, spesielt i snøen, seier Jonny Stølen, som er formann for renovatørane.

Viktig at renovatørane unngår belasningsskader

SIMAS har fokus på tiltak for å lette arbeidskvardagen for renovatørane. I ergonomikurset lærer vi at gjentekne rørsler er belastande for renovatøren.

Me håpar at abonnentane våre set frå seg dunkane korrekt, både no i snøen, og elles i året. Det er òg fint om du kan seie i frå til naboar når du ser at dei set dunkane feil veg. Det er ikkje vond vilje, men mange har nok ikkje fått med seg informasjonen om at dunkane må stå slik, og det vil hjelpe oss som samlar inn avfallet noko enorm, avsluttar Stølen.

Bruk òg gjerne krok til plastretursekkene, slik at sekkene ikkje fyk av garde.

Forrige
Forrige

Ny plassering for returpunkt i Hodlekve

Neste
Neste

Nytt filmprosjekt med Sogndal VGS og Rasmus Mo!