Miljøvenleg julekalendar

Her er våre beste tips til innhald som borna vil hugse, og ikkje kaste.

Skal du lage adventskalender til nokon i år? Korleis er det mogeleg å fylle 24 luker med gåver? Dette er eit problem mange har i vekene før 1. desember.

Adventskalendar er ein fin tradisjon og kanskje kan me gje borna tid og opplevingar i staden for ting dei ikkje kjem til å bruke? Det er bra både for familien, lommeboka og miljøet. Tenk så fint det er med ein time høgtlesing av ei julebok, ein runde eller to med ludo, eller ein samtale om kven det kan vere fint å støtte litt ekstra i førjulstida.

Her er våre forslag til miljøvenlege og hyggelege julekalendarar:

1) Gjer ei god gjerning-kalendar: Eit nytt forslag til gode gjerningar for nokon i familien, naboen, på arbeidsplassen eller på skulen, kjende eller ukjende.

2) Vitsekalendar: Ein vits kvar dag. Gjerne ein som får humøret på plass allereie under frukosten!

3) Ei julehistorie i 24 delar. Les eit kapittel ved leggetid kvar kveld.

4) Lag ein julekalendar der borna får litt pengar kvar dag. Når kalendaren er slutt kan de gje pengane til nokon som treng dei litt meir som for eksempel Dyrevernlaget eller Røde Kors.

5) Print ut og pakk inn 24 bilete frå året som gjekk. Sjå på eit bilete kvar dag, og snakk om minnet saman med borna.

6) Lag ein «omvendt» adventskalender. Kvar dag kan barnet finne ei leike eller eit klesplagg som ikkje lenger er i bruk. Når det nærmar seg jul kan dei gjevast vekk til nokon som treng dei litt meir, til dømes Frelsesarmeen.

7) Mange tykjer det er kjekt å ha ein julekalendar med ein aktivitet kvar dag. Aktivitetar kan vere alt frå juletrehogst til juletrepynting, julekakebaking, julegrantenning, reise på skogstur med gløgg og peparkaker, aketur, juleverkstad, tur på biblioteket for å låne julebøker, filmkveld, tur i badebassenget og så mykje meir.

Hjå sortere.no kan du laste ned ein fiks ferdig aktivitetskalendar med glade-born (og foreldre) garanti!

Forrige
Forrige

Nytt filmprosjekt med Sogndal VGS og Rasmus Mo!

Neste
Neste

Nytter du gamle aviser når du fyrer i peisen?