Nytter du gamle aviser når du fyrer i peisen?
Dei gjer betre nytte i papirgjenvinninga
Den kalde fine tida er her. Mange har starta å fyre i peisen att, og då er det eit par ting som er viktige å tenkje på. Rett vedfyring gjev mindre sot og forureining, meir varme og mindre risiko for pipebrann.
Fyrst av alt: Papp, kartong og papir gjev lite energi - dei gjer større nytte i papirgjenvinninga der dei får nytt liv som nye produkt. Papp, kartong og papir lagar mykje oske, og dei stjel surstoff. Trykksverte er og skadeleg for miljøet. Du bør heller bruke opptenningsbrikettar.
No er du klar til å stable veden i omnen. Veden stablar du i ein firkant. Bruk store vedkubbar og noko opptenningsved nederst, med to eller tre opptenningsbrikettar øvst. Det er viktig at vedkubbane er tørre. Du må stable veden med gode luftlommar, og alle ventilar i omnen må vere opne. Når eldstaden er varm etter om lag 15 minuttar kan du regulere ventilane.
Det er meir miljøvenleg å brenne ved med synlege flammar. Bål utan flammar doblar utslepp av kolos og partiklar.
God fyring!