Ny direktør er tilsett i SIMAS IKS

Dagny Karin Ugulsvik Alvik har vore konstituert direktør sidan Halvor Thomassen gjekk av i mai i 2022. No blir ho ny direktør. Foto: Falkeblikk. Fleire pressefoto.

Styret i SIMAS IKS har, i styremøtet 14. februar, tilsett Dagny Karin Ugulsvik Alvik som ny direktør. Ho tek til i stillinga 1. mars.

Dagny har særs god miljø- og avfallsfagleg kompetanse, har lang erfaring med drift av avfall- og renovasjonsselskap gjennom ulike leiande stillingar i SIMAS. Ho har gode leiareigenskapar og har fungert svært tilfredsstillande i rolla som konstiturert direktør i selskapet frå 01.05.2022.

Styret var einige med tilsettingsutvalet i at ho var den best kvalifiserte søkjaren til stillinga, etter ei samla vurdering av fire søkjarar og to gjennomførte intervju.

– Me er glad for at Dagny har takka ja til å leie resten av teamet i SIMAS IKS. Me er viss på at ho vil utvikle selskapet på ein god og forsvarleg måte i tida framover, seier Torunn Hønsi, styreleiar i SIMAS IKS.

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Revidering av forskrift

Neste
Neste

Snart tid for Batterijakten 2023