Revidering av forskrift

I oppfølging av klagesaka om avfallsgebyr frå fråflytta eigedom, har Sivilombodet sett på om forskrifta og retningslinjene for fritak frå renovasjonsgebyret har tilstrekkeleg heimel i Ureiningslova § 34 1. ledd. Ombodet ber SIMAS IKS om å gå gjennom forskrifta og retningslinjene for avfallsgebyr slik at me sikrar at desse er i tråd med Ureiningslova § 34, jf. § 30. 

SIMAS ser at formuleringane i forskrifta § 18 med tilhøyrande retningslinjer i enkelte høve kan ha vorte tolka for strengt. Me vil difor setje i gang ein prosess med revidering av denne. Revidering av forskrifter er ein omfattande prosess som vil krevje lang tid, då den må opp til handsaming i alle eigarkommunane. 

SIMAS har alt starta prosessen med å gå gjennom alle søknadane om fritak som er komme inn etter forskriftsendringa tredde i kraft frå 01.01.2021. Dei som har tilstrekkeleg dokumentasjon på at eigedomen ikkje vert nytta, vil få tilbakebetalt det som eventuelt er betalt for mykje i avfallsgebyr.   

Eventuelle endringar i forskrifta med tilhøyrande retningslinjer vil kunne få konsekvensar for renovasjonsgebyret for alle abonnentar i Sogn, jf. sjølvkostprinsippet. SIMAS pliktar å ha ei renovasjonsordning i heile distriktet, og ved stort fråfall i tal abonnement, vil dette kunne føre til auka kostnader på dei resterande betalande abonnentane. 

Eigar av ein eigedom er ansvarleg for at SIMAS til ei kvar tid har rette opplysningar om eigedomen og abonnementet. Eventuelle endringar i abonnementsforhold skal straks meldast skriftleg til SIMAS.  

SIMAS gjer merksam på at brot på plikta til å vere underlagt offentleg innsamling av avfall og om føresetnadane for gebyrfritak ikkje er til stades, kan det ileggjast tvangsmulkt etter Ureiningslova § 73. 

Forrige
Forrige

Ny vinnar frå Sogn

Neste
Neste

Ny direktør er tilsett i SIMAS IKS