Snart tid for Batterijakten 2023

Foto: Trond Høines/Loop

I mars og april utfordrar konkurransen “Batterijakten” alle 4. klassingar til å samle inn brukte batteri. Det vinn både miljøet og elevane på!

Samtidig som stadig fleire ting går på strøm, vokser haugen med brukte batteri. I Noreg har kvar heim rundt 70 batteri i elektrisk utstyr til ein kvar tid, og då er det viktig at desse blir levert til gjenvinning.

Kvart år arrangerer Miljøagentene, barnas miljøvernorganisasjon, konkurransen “Batterijakten”. I fjor deltok over 800 klassar i heile landet, som til saman samla inn over 120 tonn hushaldningsbatteri til gjenvinning!

Årets konkurranse startar 13. mars og varar til 2. april, men påmeldinga er open allereie no. Her kan klassane vinne flotte pengepremiar til miljøvennlige formål som kjem elevane til gode.

Slik fungerer det:

  1. Lærar registrerer klassen som deltakarar

  2. Elevane samlar inn brukte batteri

  3. Elevar/lærar veg batteria og leverer dei inn

  4. Lærar registrerer bidraga på batterijakten.no

Batterijakten på 1-2-3

Kvifor sortere batteri?

Å gjenvinne batteri gir: 

  • Redusert etterspurnad etter råstoff som batteri blir laga av. Mange av desse, som sink, kadmium, litium og kobolt, finst ikkje i Noreg og kun i begrensa mengde. Dei blir henta ut frå gruver, ein prosess som gir store klimagassutslipp og øydelegg naturområde. 

  • Sikker handtering av miljøgifter på godkjente gjenvinningsanlegg.

Korleis sortere batteri i Sogn?

  1. Teip polane på batteria, då unngår du at dei utgjer ein brannfare

  2. Ta med batteria og lever gratis til i daglegvarebutikk eller på miljøstasjon

Det kan vere lurt å samle brukte batteri eit syltetøyglas eller isboks, og ta dei med samtidig som du handlar eller pantar flasker.

Meir om sortering av batteri.

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Ny direktør er tilsett i SIMAS IKS

Neste
Neste

Utlevering av bioposar og plastsekkar