Hjelp renovatøren på vinterstid

Hugs å måke snø og stille opp behaldarane med handtaket mot renovasjonsbilen til neste tømming.

Slik sikrar du at renovatøren får henta avfallet ditt.

For at renovatørane skal få henta alt avfallet er det viktig at behaldarane står slik dei skal. På vinterstid kan det bli ekstra mykje kaving for renovatørane dersom behaldarane står feil veg med mykje snø og is rundt.

Slik gjer du:

  1. Mok vekk snøen oppå og rundt behaldarane

  2. Strø på oppsamlingsstaden, så det ikkje blir glatt

  3. Still behaldarane rett veg, med handtaket ut mot renovasjonsbilen

  4. Still behaldarane samla på fleire rader heller enn på ei lang rad (sjå døme her)

  5. Pass på at ikkje avfallet frys fast i behaldaren (her finn du tips)

Takk for hjelpa!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Endring i henting av plastsekkar i Sogndal og Leikanger

Neste
Neste

Korleis sortere spikrar og skruar?