Korleis sortere spikrar og skruar?

Sjølv om spikrar og skruar er laga av metall, skal dei IKKJE sorterast som glas- og metallemballasje. Dei må leverast til nærmaste miljøstasjon.

Produkt som er laga av materialer som aluminium, kobber, messing, tinn, bly, jern og stål, blir regna som metallavfall. Dette gjeld mellom anna bestikk, mynter, spikrar og skruar, termosar, gryter og kasserollar.

Denne typen gjenstandar skal leverast til miljøstasjonen, ikkje sorterast saman med glas- og metallemballasjen.

Finn din nærmaste miljøstasjon

Kva skal i behaldaren for glas- og metallemballasje?

I behaldaren for glas- og metallemballasje skal kun emballasje der det har vore mat, drikke eller andre hushaldsvarar i då du kjøpte dei. Emballasjen skal vere tom når ein sorterer den.

Sjå oversikt: Kva skal i behaldaren for glas- og metallemballasje?

Tips når du er usikker

Usikker på korleis du skal sortere ein gjenstand? Søk opp gjenstanden på sortere.no. Her finn du ein stor database med forklaring til korleis kvart enkelt produkt skal sorterast. Enklare blir det ikkje!

Det finst óg ein eigen app kalt “Sortere” som du kan laste ned til mobilen:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Hjelp renovatøren på vinterstid

Neste
Neste

Ingunn Liljedahl er vinnar av julekonkurransen