Endring i henting av plastsekkar i Sogndal og Leikanger

I veke 4 vil to ulike renovasjonsbilar hente våtorganisk avfall, papp/papir og plastsekkar i Sogndal og Leikanger. Tidlegare har same bil henta alt dette.

Fram til no har den samme renovasjonsbilen henta både plastsekkar, våtorganisk avfall og papp/papir på same runde. No vil det vere ein bil som hentar plastsekken fyrst, og deretter kjem det ein ny bil og hentar våtorganisk avfall og papp/papir.

Det blir altså to besøk til kvar samleplass.

Ikkje bli bekymra viss fyrste bosbil køyrer av garde

Du treng med andre ord ikkje å bekymre deg viss renotvatøren køyrer av garde utan å hente papp/papir og våtorganisk avfall. Det kjem ein bil nummer to og hentar dette.

Me ber om litt tålmod frå abonnentane vår, slik at ein ikkje går ut og hentar inn igjen dunkane før bil nummer to har vore innom.

Prøveordning i to veker

Endringa er ein prøveordning for å sjå om vi kan få til enno betre kvalitet på utsorteringa av plast og papir. Ikkje minst ønskjer vi å betre arbeidsmiljøet til dei tilsette i sorteringshallen i Festingsdalen.

Prøveordninga vil i fyrste omgang foregå i to veker, veke 4 og 5.

Endringa i veke 4 gjeld rutene i Leikanger og Sogndal: 

  • Måndag: Rute 401 og 501

  • Tysdag: Rute 402 og 502

  • Torsdag: Rute 404 og 504

  • Fredag: Rute 205, 405 og 505 

Du finn rutenummeret ditt og oversikt over tømmedag i avfallskalendrane for 2022 .

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ver obs på at peisglas ikkje er glas- og metallemballasje

Neste
Neste

Hjelp renovatøren på vinterstid