Ver obs på at peisglas ikkje er glas- og metallemballasje

Knusar glaset i vedomnen din, bør du pakke det i avispapir og sortere det som restavfall.

Kva gjer du den dagen glasruta i peisomnen sprekk? Det er viktig at dette glaset blir kasta som restavfall og ikkje glas- og metallemballasje.

All glasemballasje som blir levert til SIMAS skal smeltast om og bli til nye produkt som vinflasker og syltetøyglas. Men visste du at berre nokre få bitar av peisglas kan gjere at fleire tonn med anna glasemballasje ikkje kan smeltast?

Kan skape trøbbel ved omsmelting

Årsaka er at keramisk glas (slik som peisglas) har ein høgare smeltetemperatur enn glasemballasje.

Når keramisk glas blir levert saman med anna glasemballasje kan dette både skade den andre emballasjen og skape farlege situasjonar i produksjonen av ny glasemballasje. Og det vil me jo alle gjerne unngå.

Kva gjer ein med knust peisglas?

  1. Pakk glaset i avispapir, så ingen skadar seg

  2. Legg glaset med papir rundt i restavfallet

Kva skal i glas- og metallemballasjen?

Sjå lista over kva som skal og ikkje skal i denne behaldaren

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Miljøstasjonen i Luster og Sogndal er stengde 14. februar

Neste
Neste

Endring i henting av plastsekkar i Sogndal og Leikanger