Fyrer du i peisen med aviser?

Rett vedfyring gjev mindre sot, meir varme og minskar risikoen for pipebrann.

Mange fyrer ivrig i peisen i desse dagar, og då er det eit par ting som er viktige å tenkje på:

Ikkje fyr med papp og papir

Nokre tenkjer kanskje at det er praktisk å fyre med mjølkekartongar eller aviser. Men papp, kartong og papir gjev lite energi, og gjer difor større nytte i papirgjenvinninga der dei får nytt liv som nye produkt.

I tillegg lagar papp, kartong og papir mykje oske, og dei stel surstoff. Trykksverta i avisene er og skadeleg for miljøet. Du bør heller bruke opptenningsbrikettar i staden for aviser.

Korleis stable veden?

Veden stablar du best i ein firkant. Bruk store vedkubbar og noko opptenningsved nederst, med to eller tre opptenningsbrikettar øvst. Det er viktig at vedkubbane er tørre. Du må stable veden med gode luftlommar, og alle ventilar i omnen må vere opne. Når eldstaden er varm etter om lag 15 minuttar kan du regulere ventilane.

Brenn med synlege flammar

Det er meir miljøvenleg å brenne ved med synlege flammar. Bål utan flammar doblar utslepp av kolos og partiklar.

God fyring!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Sogningane blant dei beste på sortering av glas- og metallemballasje

Neste
Neste

No blir nye behaldarar levert ut i Årdal