Sogningane blant dei beste på sortering av glas- og metallemballasje

Arbeidet me gjer med å samle inn glas- og metallemballasje i Sogn blir lagt merke til på landsbasis.

Selskapet Sirkel Glass tek imot glas- og metallemballasje frå kommunar i heile Noreg, til anlegget sitt i Fredrikstad. No skal dei kåre årets leverandør, blant alle kommunane og selskapa i landet som leverer til dei.

SIMAS er ein av tre nominerte så langt, i lag med Bærum kommune og Reno-Vest.

For å bli årets leverandør krevst det at ein har auke i mengde glas- og metall som blir samla inn, i tillegg til i positiv utvikling i kvaliteten på det som blir samla inn. Det betyr rett og slett at sogningane må vere flinke til å sortere - og det er dei!

– Det er veldig stas å bli nominert. Vi arbeider mykje med å motivere sogningane til meir og betre sortering av glas- og metallemballasje, og då er det kjekt å sjå at det blir lagt merke til, seier Anne Sigrid Loftesnes Harjo, HMS og kvalitetsleiar i SIMAS.

Vinnaren blir kåra i starten av 2024, og me ventar i spenning!

Les heile grunngjevinga for nominasjonen:

SIMAS IKS imponerer med godt kvalitetsarbeid og har hatt en betydelig kvalitetsheving på sine leveranser til Sirkel. I 2022 hadde Simas 12,33 prosent avvik på sine leveranser. Hittil i 2023 (skrevet i november) har de en avviksprosent på 4,76 prosent. Det tilsvarer en reduksjon i avvik på 61,39 prosent.

I tillegg har Simas henteordning for glass- og metallemballasje og har hatt en positiv utvikling på levert volum de siste årene. De har også vist at de har fokus på kvalitet ved gjennomførte kvalitetstiltak som er støttet av NMG og Sirkels kvalitetsfond.

- Sirkel Glass, 07.11.2023.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Informasjonskveld i Årdal

Neste
Neste

Fyrer du i peisen med aviser?