No blir nye behaldarar levert ut i Årdal

SIMAS vil tilby ei ny, fullverdige avfallsordning i Årdal kommune frå 1. januar 2024. Då vil kommunen ha dei same behaldarane som resten av SIMAS.

– Me i SIMAS applauderer eit tettare samarbeid med Årdal Kommune. At dei ynskjer å bli betre på materialgjenvinning er som musikk i våre øyre. Og me har eit fantastisk godt samarbeid, fortel Dagny Ugulsvik Alvik, direktør i SIMAS.

Når kjem nye behaldarar?

I veke 46-50 vil SIMAS køyre ut nye behaldarar til dei som bur i Årdal kommune. Du vil bli varsla når det skjer i området ditt.

Ynskjer du å ha same restavfallsbehaldar som du har i dag, treng du ikkje gjere noko. Ynskjer du større eller mindre, må du kontakte oss. Dette byttet er gebyrfritt ut 2023.

Deler du behaldar? Treng du større?

Dei som deler behaldar på restavfall i dag, fortset med det - om du ikkje melder inn at du vil byte. Ein stor behaldar (660 l) kan løne seg ved 5 eller fleire einingar. Ein mellomstor behaldar (240 l) kan løne seg ved 2 eller fleire einingar.

Ein vanleg behaldar (140 l) er meint å vere nok til restavfall for 1 eining, og held for dei fleste abonnentane våre. Har du t.d. utleigedel eller mykje bleier, kan du be om større behaldar, mot ei auke i gebyret. Ein kan når som helst endre behaldar, berre ta kontakt!

Dette er dei ulike behaldarane våre.

Forvirra?

Bli med på informasjonskveld. Her kan du stille spørsmål, bli betre kjent med oss i SIMAS og Årdal kommune, og få inspirasjon til å resirkulere betre. Møt opp:

  • Tysdag 21. november, kl. 18:00, kulturhuset i Øvre Årdal

  • Onsdag 22. november, kl. 18:00, kinosalen på Årdalstangen

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Fyrer du i peisen med aviser?

Neste
Neste

Ledig stilling som renovatør/sjåfør