Det me er glade i, tek me vare på - miljøvettreglane

POW Norge og DNT ung har utarbeida sju enkle miljøvettreglar for eit meir sporlaust friluftsliv. 

Foto: Sverre Berg Enitch

Foto: Sverre Berg Enitch

1. Reis mindre, opplev meir

Jo kortare du reiser, jo meir tid får du til sjølve turen. Finn ut kva turområder du har i nærleiken, og nytt deg av desse. Då vert det enklare å planleggje og gjennomføre turar, og tida du sparar på reisa kan du nytte til å oppleve, nyte og utforske naturen. Og når du fyrst reiser, reis miljøvenleg.

2. Sats på opplevingar, ikkje utstyr

Turutstyr treng ikkje vere nytt for å gjere nytta si. Kjøp brukt, lån av vener og ta godt vare på det utstyret du har so det heldt år etter år. Fyll sportsboden med gode minne, ikkje fancy utstyr. La utstyret vere eit verkemiddel for gode opplevingar, men hugs at utsikta ikkje vert betre med årets modell av skalljakka. Kjøper du mindre, og brukt, sparar du både miljøet og lommeboka.

3. Fiks alt, alltid

Gjer gaffateip, ståltråd og lommekniv til fast inventar i tursekken. Det meste kan fiksast, og det finst reservedelar til både utstyr og klede. Ta kontakt med produsenten, so kan det til og med hende dei hjelper deg heilt gratis. Tek du vare på jakka di lenge nok, er den retro før du veit ord av det. 

4. Et grønt

Det er viktig å få i seg nok næring på tur. Å ete grønt er bra både for miljø og helse. Reduser kjøttinntaket, og bidra til å minske klimagassutslepp, frigjere jordbruksareal, begrensa avskoging og bidra til ein meir dyrevenleg kjøttproduksjon. Hugs naturens eige spiskammers når du er på tur, få ting er betre enn sjølvfiska fisk på bålet.

5. Samkøyring er bra køyring

Om du må reise langt for å kome deg på tur, bruk god tid på planlegging av turen. Finn den mest miljøvenlege reisemetoden, anten det er samkøyring eller kollektivtransport. Om du arrangera ein tur, lag ein plan for korleis folk kan reise saman.

6. Ver rusta mot uventa bos

Å ha hovudet med seg på tur er viktig, òg når det kjem til kva du etterlet deg. Til dømes tek det rundt 450 år før ei plastflaske som ligg ute vert brote ned. Ta med ein ekstra pose, eller hald av ei lomme i sekken kun til bos. Ingen likar bosføre på ski, og eit bananskal i sykkelstien kan øydeleggje ein elles fin dag. La det einaste du legg frå deg vere spor i snøen.  

7. Vis veg, ver eit klimaførebilete

Ver ein del av klimaløysinga, ikkje problemet! Ha respekt for naturen og dei mogelegheitene den gir oss. Gå foran og vis dei rundt deg kor enkelt det er å gjere kvardagen og turlivet meir miljøvenleg. Då vil òg komande generasjonar ha mogelegheit til å nyte den same naturen, anten det er å setje svingar i djup puddersnø, eller å gå solfylte sundagsturar.

Med ynskje om ei god og miljøvenleg påske! :)

 

 

 

 

 

Forrige
Forrige

Vel miljøvenleg skismurning

Neste
Neste

Vel gjennomført kurs om byggavfall og avfallsplanar