Vel miljøvenleg skismurning

Nyttar du skismurning med fluor eller rinseprodukt, må du hugse at dette er farleg avfall og må leverast på nærmaste miljøstasjon.

Nyttar du skismurning med fluor eller rinseprodukt, må du hugse at dette er farleg avfall og må leverast på nærmaste miljøstasjon.

– Våre tradisjonelle typar festesmurning er heilt utan fluor, fortel Swix.

Terje Smevold, produktutviklar i Swix Sport AS.

Terje Smevold, produktutviklar i Swix Sport AS.

Me har tatt oss ein prat med Terje Smevold, produktutviklar i Swix Sport AS, for å lære meir om kva type skismurning som er trygg for deg og miljøet – og kva du bør vere obs på.

For 30 år sidan blei det oppdaga kva effekt fluor hadde for å gjere skia gode, og sidan har ingen klart å finne eit middel som har same gode effekten. Dessverre har me lært kva skade fluor kan gjere for menneske og naturen.

Ein er mest eksponert når glider med fluorkarbon varmast opp, sikles og børstast. Då kan fluor-forbindelsane frigjerast og pustas inn slik at dei skadar lungene.

– Me anbefaler alle som smør mykje ski, og da snakkar me på eit aktivt nivå, om å nytte maske og hanskar, påpeiker Smevold.

”Vanleg” skismurning er trygg

Tradisjonelle typar festesmurning, den såkalla V-serien med voks frå Swix (som blå ekstra eller lilla spesial) er heilt utan fluor. Desse kan du trygt smøre med og nytte i naturen, utan å etterlate miljøskadelege stoff. Det same gjeld universalklister. Har du rester av dette, kan du trygt kaste det i restavfallet.

Nyttar du festesmurning frå VR-serien til Swix, vil du finna fluor. Fluoren er likevel i så små mengder at du ikkje vil skade naturen eller lungene dine.

Ver obs på glider

- Skal du derimot nytte glider, vil du finna produkt med fluor. Her har me fleire nivå. Fyrste nivå, CH-voks, er heilt utan fluor og er det vi definerer som produkt for allmennheita. Så har me lågfluor (LF) og høgfluor (HF). Dette er dyre produkt som stort sett vert nytta av aktive skiløparar og profesjonelle skismørjarar som veit korleis dei skal behandla produkta,  forklarer Smevold.

V-serien med festevoks frå Swix er heilt utan fluor.

V-serien med festevoks frå Swix er heilt utan fluor.

Det finnast ulike fluor-forbindelsar. Fram til no har PFOS og PFOA fått mest merksemd, begge strengt regulert i Noreg.

– PFOS og PFOA har aldri vore nytta som komponentar i skismurning frå Swix. PFOA har berre vore tilstade som forureining i spormengder som følgje av teknologien som er nytta til framstillinga av fluorforbindelsane, fortel Smevold.  

Han fortel vidare at Swix gjennom fleire år har jobba med å fase ut denne teknologien. Frå 2016 inneheld alle deira voksprodukt nye fluorforbindelsar med forbetra miljøprofil samanlikna med de gamle.

Nytt EU-forbod i desember

I desember ble det innført strengare EU-standar, med forbod om helsefarleg stoff i skaljakker og skismurning. 

Forbodet gjeld produkt som inneheld meir enn 0,0000025 prosent PFOA og trer i kraft innan tre år. I Noreg har vi hatt forbodet sidan 2013, men EU-forbodet er strengare og meir omfattande.

– Me har tilpassa oss denne endringa. Dette vil du sjå på etikettane våre som seier ”future cera”, då me har utvikla ein ny fluorteknologi som er innafor krava. Det er so godt som umuleg å komme ned i 0, men det som er igjen per no er i so små mengder at det er godkjent, fortel Smevold.

Reinseprodukt = farleg avfall

Skal du reinse skia for gamal smurning, vil du truleg nytte eit reinseprodukt. Dette går under farleg avfall, og er difor avfall du må levere til miljøstasjonane når boksane er tomme. Produkta det gjeld er godt merka.

Foto: Sverre Berg Enitch

Foto: Sverre Berg Enitch

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Planlegg du å skifte ut dei gamle vindauga?

Neste
Neste

Det me er glade i, tek me vare på - miljøvettreglane