Vel gjennomført kurs om byggavfall og avfallsplanar

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Nomiko (Norsk Miljøkompetanse) kursa dei frammøtte i reglar om handtering av byggavfall og utarbeiding av avfallsplanar. 

Kurset var i regi av SIMAS Næring AS og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Innleigde kurshaldarar frå Nomiko har spesialkompetanse innan miljø- og avfallsrådgivning. Blandt dei påmelde på kurset var entreprenørar, representantar frå byggebransjen og frå SIMAS.  

 

Korleis utarbeide ein avfallsplan?

Kursdeltakarane lærte om korleis ein skal utarbeide ein avfallsplan og kva det innebærer. Tanken bak er at ein på førehand skal ha ein forventning om kor mykje avfall som oppstår under byggeprosjektet og ein plan for korleis handtere dette. Det er eit krav om minst 60 % kjeldesortering av avfall på byggeplass, og ein avfallsplan skal kunne framleggjast ved kontroll. Nomiko gav også ein oversikt over rolle- og ansvarsfordelinga i eit byggeprosjekt.

Oversikt over byggereglane finn de her: https://dibk.no/byggereglene/ 

 

Det lønner seg å kjeldesortere

Ikkje berre er det nokre krav til kjeldesortering på byggeplasser, men eit viktig poeng er at det lønner seg. Ved levering av avfall kostar det meir pr. tonn å levera usortert avfall, enn å levere i reine fraksjonar. Det lettaste for å oppnå ein god kjeldesortering er å gjere det på sjølve byggeplassen, ved til dømes å ha fleire containere tilgjengeleg. Plassmangel kan vere eit problem, men med god planlegging kan mykje vere lagt til rette for god kjeldesortering og pengar spart. 

 

Elektronisk deklarering

Det vart og snakka om det farlege avfallet i byggavfallet og kor viktig det er å handtere dette på ein forsvarleg måte; sortere det ut, deklarere det og levere avfallet til godkjend mottak. Det er no krav om at deklareringa skal føregå elektronisk.

Ta kontakt med SIMAS Næring AS om de lurar på noko, treng rettleiing eller ynskjer å leige container.

Forrige
Forrige

Det me er glade i, tek me vare på - miljøvettreglane

Neste
Neste

Prøveprosjekt: oppsamlingsboks for farleg avfall