Bli med på kurs i heimekompostering

Kompostering er ein vinn-vinn-situasjon. Det er lærerikt, gøy og gir deg næringsrik jord som du kan bruke i hagen.

Kurs i heimekompostering er i samarbeid med Christian Zurbuchen frå Økoringen Vest. Kurset tek føre seg korleis ein kompostera sitt eige organiske avfall, og me ser på kompostbingen SIMAS formidlar og anbefaler. Dette er eit tilbod til alle SIMAS-abonnentar som heimekomposterer eller som vil begynna med dette.

Kurset er gratis og det er sett av tre timar.

Ved stor pågang set me opp eit ekstra kurs i kommunen med størst interesse. Meld deg på ein av dei fastsette kursa, men skriv i ein kommentar om de har ynskje for kurs i ei av dei andre SIMAS-kommunane.

Meld deg på via kontaktskjema på vår heimeside, eller via e-post til linn@simas.no. Du kan òg ringe 57 67 69 95.

 

Kvifor heimekompostering?

I tillegg til å gi deg næringsrik jord du kan nytte i hagen, kan du få 35 % avslag i renovasjonsavgifta frå SIMAS. Du må søke om å få avslag i renovasjonsavgifta, og må ha gjennomført eit gratis kurs i kompostering. Dette vert kontrollert.

Du vil spare rundt 1300,- per år om du heimekomposterar. (Rekna ut frå eit standard abonnement i 2017).


SIMAS sel Separett Kompen.

SIMAS sel Separett Kompen.

Kjøp kompostbinge hjå SIMAS

Kjøpar du kompostbinge gjennom oss, får du god pris, då me ponsar litt av kjøpssummen. Me sel kompostbinge av typen Separett Kompen for kr. 3670 + kr. 546,25 i frakt til våre abonnentar i Sogn. Kompostbingen er isolert for heilårsbruk og produsert i miljøvenleg resirkulerbart polyetylen plast. Den er svanemerka og har fem års garanti mot fabrikasjonsfeil. 

Behaldaren har dobbel botn, dreneringsrøyr og lufteventil i loket. Komposteringstid er omlag 10 til 12 veker. Den ferske komposten bør ligge til etterkompostering, til dømes i ein haug/ranke saman med moden kompostjord, kvist og/eller anna hageavfall.

PS! Alle som heimekompostera kan hente gratis strø på miljøstasjonane i alle SIMAS-kommunane.


Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Korleis cruise gjennom miljøstasjonen?

Neste
Neste

Utlevering av plastsekker ved neste tømming