Utlevering av plastsekker ved neste tømming
Det vert utlevert plastsekker til husstandane på renovasjonsruta i veke 9 og 10.
Hugs å trille fram avfallsbehaldarane for tømming på hentedag. Det vert delt ut 1 rull med plastsekker pr. behaldar for papp/papir.
Dersom du delar dunk eller er bortreist på tømmedag, og difor ikkje får utlevert plastsekkane du skal ha, kan det hentast på tenestetorget (i Vik: kun på miljøstasjonen) i di kommune innan 1 månad etter utlevering.