Korleis cruise gjennom miljøstasjonen?

Trikset ligg i førebuinga. Med desse tre tipsa så går det på rekordtid.

 

1. Ikkje bland alt i ei mølje

Du kallar det miks ja? Dersom du kjem med alt avfallet ditt i ei mølje er det ikkje berre dumt for gjenvinninga, det skapar óg fare for brann, eksplosjonar, utslepp i naturen - eller at du eller andre skadar seg.

2. Sorter før du kjem

Gjer unna mesteparten av sorteringa før du kjem på gjenvinningsstasjonen. Når du sorterar i forkant går det raskare og enklare å pakke og levere avfallet. Sjekk ut vårt enkle sorteringssystem.

3. Pakk og køyr

No er det berre å ta med det sorterte avfallet til gjenvinningsstasjonen. På gjenvinningsstasjonen har alle typer avfall sin eigen plass og alt skal sorterast riktig. Vi sørgjer for at avfallet blir gjenvunne på best mogleg måte og at miljøgifter blir teke hand om.

 

Er du usikker på kva som skal kor får du hjelp av sorteringsekspertane på gjenvinningsstasjonen.

God tur!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Reduser papiravfallet - sei "nei takk" til reklame

Neste
Neste

Bli med på kurs i heimekompostering