Vindauge
Vindaugsruter er både PCB-haldige vindaugsruter og vindaugsruter utan PCB. Vindauge leverer du på næraste miljøstasjon.
Slik gjør du det
Sjå etter produksjonsår/-dato på metalllista mellom glaslaga, der finn du som regel dette påstempla saman med kven som har produsert vindauget.
Lever vindauget med ramma på til næraste gjenvinningsstasjon. Er du usikker på om vindauget inneheld PCB eller ikkje finn årstal i metallista, kan du høyre med oss på miljøstasjonen.
-
Mesteparten av isolerte vindauge produsert ca 1965–1975 inneheld miljøgifta PCB i forseglinga. PCB er i fugemassen som binder vindauget til karmen. Om du har mistanke om at vindauget inneheld PCB, lar du vindauget vere i karmen.
Vindauger med PCB leverer du som farleg avfall på gjenvinningsstasjonen. Du leverer heile ruta, også sjølve karmen.
Kjelde: Sortere.no