Brukbare klede og tekstil til ombruk og øydelagde klede og tekstil til gjenvinning

Klede og tekstilar må vere reine og tørre når du leverer dei inn. Dette gjeld både for innlevering til ombruk og til gjenvinning.

Forklaring på kva klede og tekstil som skal til ombruk eller gjenvinning finn du nedover på denne sida.

 

Slik gjer du det

  1. Ha ein fast plass der du samlar tekstiler, klær og sko.

  2. Ta dette med deg til ein tøyinnsamlingsboks eller når du skal til gjenvinningsstasjonen.

 

Om eit plagg manglar ein knapp, har ein diskret flekk eller har eit lite hol, betyr det ikkje nødvendigvis at det er øydelagt.

Er det lett å reparere, leverer du det saman med andre brukbare klede og tekstilar.

Brukbare sko, i par, leverast inn saman med brukbare klede og tekstilar. Skoa skal vere heile, reine og tørre. Manglar skoa lisser eller har mindre skjønnheitsfeil kan dei framleis gå til ombruk.

Øydelagde klede og tekstilar er reine og tørre klede og tekstilar som er utslitne, holete, flekkete eller som av andre årsaker ikkje lenger kan bli brukt.

Øydelagde sko som går til gjenvinning kjenneteknast ved at dei ikkje kan brukast som dei er, synleg utslitne eller at det manglar ein sko i paret.

Pakk tøyet i en plastpose som held det tørt.

Øydelagde klede og tekstilar som er blaute eller tilgrisa slik at dei ikkje blir reine etter vask sorterast som restavfall.

Det same gjeld sko. Einslege sko uansett kvalitet kastast i restavfallet.

Puter og dynar kastast i restavfall.

—> Typiske ting du sorterer som klede og tekstil til ombruk:

Brukbare klede, Undertøy, Sokker og strømpebukser, Belter, Hattar og lurar, Vottar og hanskar, Fleecegenser, Skjerf, Tekstil, Handklede, Sengety, Gardiner, Stoffrestar, Dyne og pute, Telt og presenning, Skinnfell.

—> Typiske ting du sorterer som klede og tekstil til gjenvinning:

Utslitne klede, Rivne tekstilar, Misfarga tekstilar, Flekkete klede, Øydelagte og utsletne sko.

 

Kjelde: sortere.no

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Vindauge

Neste
Neste

Møbel