Aluminum - ei fantastisk råvare
Produkt i aluminium kan smeltast om og brukast i det uendelege, utan å miste kvaliteten.
Omsmelting av aluminium sparar 95 % av energibruken samanlikna med å lage nytt.
Filmen om Aluna Aluminium
Informasjonsfilm om reisa til Aluna Aluminium - frå smelteverk til butikk, frå kjøleskap til gjenvinningsstasjon og til slutt som nytt produkt. Karakteren Aluna er basert på teikning frå Elias i 6. klasse på Leikanger barneskule. Han vann teiknekonkurransen hausten 2022.
Kjappe fakta:
Aluminium er super som emballasje, fordi den ikkje slipp inn lys og luft. Då held maten lenger.
Hjå SIMAS samlar me inn ca. 540 tonn glas- og metallemballasje årleg.
Omsmelting av aluminium sparar 95 % av energibruken samanlikna med å lage nytt
Tuben med smøreost kan bli til ein sykkel, ny emballasje eller fundamentmasse på ein byggjeplass.
Heile 75 % av aluminiumet som nokon gong produsert, er framleis i omløp.
Livssyklusen til aluminium:
Aluminium blir laga av karbon, elektrisitet og aluminiumoksid, frå område rundt ekvator.
Aluna Aluminium får sin form, og blir fylt med mat
Tida i butikkhylla kan vere kjedeleg, heilt til Aluna får bli med heim
Maten i Aluna blir eten opp, og vipps - så må ho sorterast
Aluna reiser til miljøstasjonen hjå SIMAS og vidare til Sirkel sitt anlegg (ferie!)
Aluna blir omforma til eit nytt produkt! Og sirkelen gjentar seg.
På denne måten kan Aluna leve evig - så lenge ho blir sortert riktig.