ViteMeir og SIMAS med visjonært samarbeid

ViteMeir og SIMAS har inngått 3-årig samarbeidsavtale.

ViteMeir og SIMAS har inngått 3-årig samarbeidsavtale.

Pressemelding:

ViteMeir og SIMAS har inngått 3-årig samarbeidsavtale om både økonomisk bidrag og utvikling av faginnhald på vitensenteret. – Eit viktig samarbeidsprosjekt for SIMAS, seier direktør Hallvard Thomassen.

Bakgrunnen for avtalen er at begge partar ser nytten av eit tett samarbeid rundt fordringar verda har kring klima og overgangen til ein sirkulær økonomi. Løysinga på utfordringane må me jobba like mykje med lokalt som globalt. 

- Dette er ein avtale me har jobba med gjennom hausten og eg gler meg stort over at me er komne i mål. ViteMeir er med denne avtalen eit steg nærare våre interne krav om at me skal liggja i front på miljø og sirkulærøkonomi, seier Erlend Fardal Lunde, dagleg leiar ViteMeir. 

SIMAS blir ViteMeir-partnar i perioden 2021-2023 med ein total avtaleverdi på kroner 400.000. 

Fokus på matsvinn 

- Me vil i samarbeidet sette særleg fokus på å hindre matsvinn. Her vil informasjon og opplæring vera heilt avgjerande for å få til ei endring i både forbruk og kast av nyttbar mat, seier Thomassen. 

ViteMeir har visjonære målsetningar for eige matsvinn og skal utforma sin eigen plan for «zero food waste». Dei visjonære tankane kan føra til at ViteMeir på eit tidspunkt klarar seg utan matavfallsdunk. 

- Etter mange år i hotellbransjen veit eg at matsvinn er eit stort problem. Me kastar alt for mykje mat og veit at 50 % av all mat me kastar kunne vorte ete. ViteMeir har ein draum om at alt matavfall skal skal verta sirkulært på eige bygg. For å få dette til er det heilt avgjerande å samarbeida med SIMAS, seier Erlend Fardal Lunde. 

ViteMeir har både kortsikte og langsiktige planar for mellom anna larvefarmar og eigen kompostering. ViteMeir ynskjer at gjestane skal kunne eta grønsaker dyrka i kompostert jord frå eige matavfall. Enno høgare på den visjonære stigen ser vitensenteret føre seg at dei kanskje kan by på brød laga av larvemjøl.  

- Det høyres sikkert heilt vilt ut, men alt er mogleg og eg har veldig lyst til at me ein gong skal by på larvebrød, fortel Lunde entusiastisk. 

Gjennom læringsopplegg og konkrete installasjonar i utstillinga kan SIMAS og ViteMeir setja fokus på korleis ein kan redusera matsvinnet og kva dette kan bety for økonomien din. 

- SIMAS gjennomførte nyleg ein plukkanalyse som synte at 30 % av restavfallet var våtorganisk avfall. Størsteparten av dette var etbar mat. Dette er feil bruk av ressursane og av eiga lommebok, seier Thomassen. 

Læringsopplegg for 4. klasse 

SIMAS har tidlegare hatt eit eige læringsopplegg retta inn mot alle 4. klassingar i regionen. SIMAS ynskjer å vidareutvikle dette i lag med ViteMeir, samt at dei no kan nå ut til enno fleire målgrupper. 

- Behovet for informasjon og kunnskap er stort om me skal lukkast med overgangen til ein sirkulær økonomi. Me må i framtida nytta jordas ressursar på ein heilt annan måte enn i dag. Med dette samarbeidet ynskjer me å vidareutvikla informasjonsaktivitetane, seier Thomassen. 

Ombruk 

Forbrukarsamfunnet er ei utfordring for å nå sirkulærøkonomiske mål. ViteMeir kjem til å ha symaskiner  i sin Skaparverkstad. Kanskje kan gamle klede bli til ein miljøvenleg bærepose eller gamle gardiner bli til nye klede?  

Thomassen og Lunde er entusiastiske for vegen vidare og er sikre på at dei saman kan skapa spanande aktivitetar for alle aldersgrupper.  

 

Kontaktar: 

Erlend Fardal Lunde, ViteMeir: +47 464 28 741 
Hallvard Thomassen, SIMAS: +47 995 78 118 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Vil lage kol av grøne skogar

Neste
Neste

Tenk miljø når du pakkar inn gåva