Vil lage kol av grøne skogar
Med 500.000 kroner i støtte, skal SIMAS IKS finne fram til beste måte å produsere biokol av bioavfall. Biokol kan mellom anna gjere klimarekneskapen vår langt betre.
– Sei Statens Vegvesen i framtida skal fylle eit grønt anlegg i eit vegprosjekt med jord. Blander ein inn biokol og kompost i denne jorda, vil klimafotavtrykket til prosjektet bli vesentleg lågare. Ikkje berre nyttar dei eit biologisk produkt produsert i regionen, men dei nyttar òg eit produkt som bind karbon og avfallsstoff, og lagrar det i jorda. Det vil gje eit redusert CO2-utslipp for prosjektet, fortel Torunn Hønsi, forskar ved Vestlandsforskning.
SIMAS og Vestlandsforskning har, saman med Kunnskapsparken Vestland, landbruksavdelinga til Fylkesmannen i Vestland, NIBIO, Norsk landbruksrådgjeving Vest og Sogn Jord- og hagebruksskule, fått ein halv million kroner i støtte frå Regionalt forskingsfond Vestland. Midlane skal gå til forprosjektet «Frå aske til biokol – moglegheitsstudie for etablering av sirkulær verdikjede for bioavfall i Sogn».
– Dette er viktige midlar for å komme i gang med prosjektet. I løpet av sju månader skal me kartlegge beste metode for produksjon av biokol i Festingdalen, før SIMAS vil gå vidare med prøveproduksjon av biokol. SIMAS er frampå når det gjeld klima og miljø, det er ikkje mange avfallsselskap i landet vårt som produserer biokol pr. i dag. Det blir spennande å sjå korleis me kan få det til her i regionen, fortel Hønsi.
Kvifor biokol?
SIMAS handterer i dag store mengder bioavfall (biologisk nedbrytbart avfall). Matavfallet vert kompostert i Festingdalen, men store mengder bioavfall vert sendt med langtransport til forbrenning og energigjenvinning i Østfold/Sverige.
– Denne handteringa er ikkje lenger i tråd med berekraftsmåla våre, sidan ressursane i avfallet ikkje vert utnytta optimalt. I tillegg er handteringa kostbar og slepp ut store mengder klimagassar, fortel Dagny Ugulsvik Alvik i SIMAS.
Biokol er laga av planterestar som vert utsett for høg temperatur utan tilgang på oksygen. SIMAS vil no undersøke om dei kan bruke sitt bioavfall til å produsere biokol i staden for å sende det vekk til energigjenvinning. Biokol er eit allsidig produkt med mange bruksområder, som jordforbetring i grøntanlegg, hagar og landbruksjord, klimatiltak i form av karbonlagring og klimatilpassingstiltak ved at det sug til seg og held på vatn i jorda.
Kva skjer i forprosjektet?
Me skal finne ut korleis me kan produsere biokol ved pyrolyse i Festingedalen. Pyrolyse er ei oppvarming av biomasse ved høg temperatur i ein lukka omn med veldig lite oksygen til stades. Dette gir biokol med veldig stabile karbonstrukturar.
Sogn Jord- og hagebruksskule er alt i gang med å teste mindre produksjon ved bruk av opne omnar. Deira erfaringar vil me ta inn i dette prosjektet og SIMAS sine planar om storskala produksjon av biokol. Får me til å produsere biokol av bioavfallet, kan dette blandast saman med kompostjorda vi alt produserer. Saman kan det bli eit veldig bra kombinasjonsprodukt til den regionale marknaden.
– Biokol i jorda har potensial til å lagre store mengder karbon i svært lang tid. I tillegg kan biokol binde vatn, gje meir næringsrik jord, gje betre jordstruktur, gje rikare mikroliv og større avlingar, fortel Ugulsvik Alvik.
– Vi vil også undersøke om biokol kan skape synergiar i sirkulære verdikjeder i regionen, ved auka verdiskaping i landbruket eller fungere som langvarig karbonlager og klimatilpassingstiltak i landbruksjord og andre grøntareal, legg Hønsi til.
Slik kan prosjektet både gje auka verdiskaping for SIMAS, men også for potensielle brukarar av biokolet i regionen. Testar å dyrke i biokol Saman med Aurland kommune fekk SIMAS tidlegare i år tildelt 150.000 kroner i Klimasatsmidlar frå Miljødirektoratet, for å teste ut bruken av biokol i kompostjorda. Disse har mellom anna gått til å kjøpe inn biokol og til våren vil me teste ut tilførsel av biokol og kompost i vekstforsøk.
– Me skaffar oss praktisk erfaring med innblanding av biokol i kompost, og vil gjennomføre samanliknande vekstforsøk til våren. Det blir spennande å sjå resultata frå forsøka, seier Ugulsvik Alvik.
Vil du vite meir om biokol? Les «Biokull – en del av morgendagens landbruk?»