Vis god do-kultur!

Tenk over kva du hiv i do. Unødvendig bos kan skape store problem for avlaupsrøyr - og miljøet!

Det er lett å tenkje at ein kan flushe ting ned i do, så er ein kvitt det. Men det er mykje arbeid som i dag går med til å fjerne ting som ikkje skal i do. Puttar du fremmedelement i do kan det føre til at røyra tettar seg, og vår slamrenovatør Miljøservice AS får problem under tømminga. I verste fall kan det ende med kloakklekkasje som skadar private bustader og naturen.

Oppstår det problem ved slamtømming, vert det ekstra kostnadar for kunden. Difor ber me deg tenkje gjennom kva du hiv i do. Vis god do-kultur!

Dette skal ikkje i do:

  • Bos som Q-tips, bind, bleier, bomull, pussegarn, klutar, moppar, våtserviettar og eingongsklutar. Kast i bosdunken.

  • Spesialavfall som olje og oljeprodukt, løysemiddel, maling/beis, fargestoff, kontaktlim o.l. Lever på nærmaste miljøstasjon.

  • Matavfall og feitt. I små mengder kan dette gå i matavfallet. Ved større mengder skal det samlast på flasker og leverast til miljøstasjon.

Sjå våre opningstidar på miljøstasjonane.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Bli med i trekkinga av ein iPad

Neste
Neste

Nye returpunkt for glas- og metallemballasje i Sogndalsdalen