Bli med i trekkinga av ein iPad

Faktura for 2. termin 2017 er på veg ut frå SIMAS no. Me vil difor minne om trekkinga me har gåande der du kan vinne ein iPad. Legg inn avtalegiro og eFaktura når du betalar rekninga og du er med i trekkinga.

 

Me ynskjer å nå 1000 kundar som benyttar seg av kombinasjonen avtalegiro og eFaktura - og trekker ein heldig vinnar av ein iPad (våren 2016 runda me 500 kundar og trakk ein heldig vinnar).

Registrer deg med kombinasjonen når du betalar faktura eller logg deg inn i nettbanken din og søk opp SIMAS under betalingsavtalar. Her kan du opprette avtalegiro og eFaktura. Då vert du automatisk med i trekkinga av ein iPad når me rundar 1000 kundar.

Me ynskjer å redusere antal giro me sender ut per post, for å spare miljøet og verte meir effektive. Sidan me aukar effektiviteten vert kostnadene i SIMAS redusert, og det påverkar gebyrnivået. Så det er ein vinn-vinn-situasjon for alle!

SIMAS sender ut faktura to gonger i året, 1. mars og 1. september.

Er du usikker på korleis du gjer det i din nettbank? Dette kan variera frå bank til bank, så det beste er å kontakte banken.

PS! Har du allereie registrert deg som brukar av avtalegiro og eFaktura, er du sjølvklart med i trekninga du også.


  • Avtalegiro: faktura vert automatisk trekt på forfallsdato. Du vert varsla minst 7 dagar før forfall, og kvittering med forklarande tekst på kontoutskrifta. Avtalegiro opprettar du i nettbanken eller ved å kontakta banken.

  • eFaktura: faktura kjem ferdig utfylt inn i nettbanken, det einaste du må gjere er å godkjenne betalinga. Fakturaen vert oppbevart elektronisk i nettbanken. Du kan velje å verta varsla på e-post når ein ny faktura kjem inn i nettbanken.

  • Kombinasjon av avtalegiro og eFaktura: Du kan velja å få eFaktura automatisk betalt på forfallsdato ved å kombinera eFaktura med avtalegiro. Med denne kombinasjonen vert eFaktura framleis sendt direkte i nettbanken din og lagra der, men du slepp å godkjenna betalinga for at pengane skal verta trekt frå konto.  


Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

No er sommartid på miljøstasjonane over

Neste
Neste

Vis god do-kultur!