Vellukka Gjenvinnardag i Luster
Statssekretær Aleksander Øren Heen roste SIMAS for framtidsretta arbeid under Gjenvinnardagen på den nye miljøstasjonen i Luster.
24. august blei Gjenvinnardagen markert over heile landet i regi av Avfall Norge. I Sogn var SIMAS vertskap for lokale politikarar og næringsliv, i tillegg til at me fekk besøk av statssekretær Aleksander Øren Heen.
Under arrangementet blei dei frammøtte vist rundt på det nye anlegget, og det blei sagt gode ord om utviklinga og standarden i regionen frå dei ulike innleggshaldarane.
Mellom anna fortalde Anita Kjørlaug, leder for frivillighetssentralen i Luster, om stor interesse for bruktbutikken på Pyramiden Senter. Deltakarane blei og betre kjend med den nye satsinga “Sirkulært klimasprang” på Kaupanger Industriområde.
Sentralt under arrangementet var SIMAS sitt aukte fokus på ombruk. Den nye miljøparken på nesten åtte mål har eigen ombruksstasjon, og sjølve miljøparken er i stor grad blitt bygd med ombruksmateriale.
Les også: Luster miljøpark tek form