Møt traineen vår Jørn

Trainee Jørn Mortensen skal jobbe med informasjon, kunnskapsformidling og ombruk.

SIMAS har for fyrste gang valt å ha med seg ein trainee gjennom Framtidsfylket si traineeordning. Me såg at me hadde eit behov for å jobbe med meir informasjon og kunnskapsformidling, og jobbe meir med å legge til rette for auka ombruk i kommunane. 

– Det var veldig kjekt at vi fekk så mange kvalifiserte søkjarar. Og eg trur Jørn passar veldig godt inn i SIMAS med sin bakgrunn og kompetanse. Eg gler meg til han kjem skikkeleg i gang, seier Dagny Ugulsvik Alvik, direktør i SIMAS.

Her kan du lese meir om 28-åringen:

Kvifor ønskja du å bli trainee hjå SIMAS?

Fordi eg vil bidra i «Det grøne skiftet». Avfall og renovasjon er ein viktig del av dette, og hos SIMAS så eg ein moglegheit til å lære om bransjen og verkelegheita rundt «Ressursar på rett veg».

Korleis er førsteinntrykket ditt?

Førsteinntrykket av selskapet, arbeidsplassen og medarbeidarane er veldig bra! Innstillinga er framoverlent og dei tilsette er imøtekommande og hyggelege.

Kva er dine forventingar til dette året?

I løpet av dette året forventar eg personleg utvikling innan organisasjonsarbeid og kunnskap om bransjen- I tillegg håper eg å kunne komme med gode forslag og vurderingar av arbeidet eg er med på.

Kva vil bli ditt viktigaste bidrag inn mot SIMAS?

Mitt viktigaste bidrag til SIMAS vil vere å komme med nye forslag til korleis me kommuniserer med kundane og å vere ein støttespiller i det daglege administrative arbeidet.

Kva likar du å bruke dagane til når du ikkje er trainee i Festingdalen?

Då fyller eg gjerne tida med ski, klatring og buldring, være sosial og lesing av nyheiter.

 
 

Litt fakta om Jørn:

Namn: Jørn Mortensen

Frå: Lommedalen i Bærum

Alder: 28 år

Bakgrunn: Bachelor i administrasjon med utdjuping i leiing og marknadsføring frå ECSU (Eastern Connecticut State University), Bachelor i Fornybar Energi frå Høgskulen på Vestlandet, avdeling Sogndal.

jorn@simas.no

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Vellukka Gjenvinnardag i Luster

Neste
Neste

Takhagen på ViteMeir spirer og gror med SIMASkompost